Gorrlaus #2 with Per Gudmundson og Per Bläckström

Arrangementsinformasjon
(see English below)
NO
21. MARS @ RIMI/IMIR Scenekunst
Dører opnar @ 19.00
Fyrste konsert startar @ 20.00 
Inngangsbillett: 150/100 kr studenter

Per Gudmundson: svensk sekkepipe og fele
Ola Bäckström: fele

Stein Versto: hardingfele


Per Gudmundson og Ola Bäckström spelar musikk frå Dalarna i Sverige. 
Meir spesefikt Rättvik og Ore. I Dalarna lever folkemusikk tradisjonane framleis i beste velgåande og det er mykje flott musikk å spora attende til dei traktane. Gudmundson og Bäckström har kjent kverandre og spelt saman siden 70-tallet og har gjort fleire utgjevingar saman. Gudmundson hadde og ei sentral rolle i gjenopplivinga av den svenske sekkepipa. Det er kanskje ikkje så mange som er klar over det, men sekkepipe er eit instrument som har blitt spelt i Sverige i hundrevis av år. Frå 1500-tallet til godt utover 1900-tallet. Siste spelemann som hadde tradisjonen i arv døydde i 1949. Saman med intrumentmakar Leif Eriksson, lagde Gudmundson rekonstruksjonar av gamle sekkepiper frå Dalarna. Dette resulterte i utgjevinga "säckpipa" i 1983. Ola Bäckström er og med på denne utgjevinga, og det er ei imponerande framsyning av den svenske sekkepipa, både solo og i samspel med lire, fele og vokal. Gudmundson og Bäckström kjem til å spele fyrste del av konserten med sekkepipe og fele og andre del med to feler. 

Stein Versto er hardingfelespelemann, forfattar, lyrikar og omsettar frå Vinje i Telemark. Versto debuterte som forfattar med novellesamlinga “Ho blei borte i trappene”, som fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i 1990. Hardingfelespel har han lært av storleiker som Bjarne Herrefoss, Kjetil Løndal og Eivind Mo. I 2011 gav han ut Urjen, ei innspeling med slåttar av Olav og Eivind Groven. I fjor gav han ut boka, "Tonen frå heimlandet", på sitt eiege forlag, "Uteksti". Boka tar for seg smedal-spelemennene som utvandra til USA. Konserten med Stein Versto kjem til å bestå av slåttar frå Olav og Eivind Groven og frå Eiliv og Gunleik Smedal. 

Gorrlaus er støttet av Stavanger Kommune, Arts Council Norway, and Rogaland Fylkeskommune.  


EN
21. MARCH @ RIMI/IMIR Scenekunst
Doors open @ 20.00
First concert starts @ 20.00

Ticket: 150/100 kr students


Per Gudmundson: swedish bagpipe and fiddle 
Ola Bäckström: fiddle

Stein Versto: hardanger fiddle 

Per Gudmundson and Ola Bäckström will present music from Dalarna-county in Sweden. More specifically Rättvik and Ore. Per Gudmundson was a key figure in the revival of the swedish bagpipe tradition and released the record "säckpipa" in 1983. Ola Bäckström is also included on this release, which is an impressive demonstration of the swedish bagpipe both solo and played together with hurdy-gurdy, fiddle and vocals. Many might think of Scotland and Ireland when bagpipes are mentioned. But bagpipes have existed for more than two thousand years in different shapes and forms and are beleived to have it's origin in the middle east. The instrument is still played in many countries throughout the world. 
Per Gudmundson and Ola Bäckström will perform one part of the concert with bagpipe and fiddle and the second part with two fiddles. 


Stein Versto is a folk musician, writer and translater from Vinje in Telemark. He has learned hardanger fiddle playing from great names such as Bjarne Herrefoss, Kjetil Løndal and Eivind Mo. 2011 saw the release of Urjen, where Stein Versto is performing songs of Olav and Eivind Groven.
In 2019 he released the book, "Tonen frå heimlandet",  on his own publishing house, "Uteksti" about  "Smedal spelemennene". This concert will consist of both material from Olav and Eivind Groven and from Eiliv og Gunleik Smedal. 

Gorrlaus is supported by Stavanger Kommune, Arts Council Norway, and Rogaland Fylkeskommune
scenekunst
dance
music